Trudde eg skulle bli så aktiv
Heisann!
Eg trudde eg skulle bli så aktiv i denne bloggverden, men det ser ikkje slik ut. Det vert mest til at eg brukar tida på å sjå kva andre har skrevet og lagt ut av handarbeid. Er ikkje så flink til å skriva heller. Men, men det kjem seg vel etterkvart.
No sit eg her på kjøkenet og skriv medan eg steikjer kotelettar til middag, mann og ungar dei er på ski. Hadde tenkt å vera med eg og, men huset såg ikkje ut etter ei travel veka, så eg valgte å vera heima å gjera litt....husarbeid. Men det vert nok ikkje så mykje sidan eg sit her og skriv.
Ute så snøar det.... der kom resten av familien heim att, det vart for mykje laussnø i skitrekket for dei. Ja,ja då var den stille stunda brutt.